Velkommen til Bergens uoffisielle kreative ambassade

Jon Hjørnevik | presentasjon


Vi lar den eminente forfattaren selv fortelle hvem han er:

“Han reiser rundt med diktsamlingane sine og les sine hårreisande dikt etter beste evne. Freistar seg også som kreatør i MK Norway Reklamebyrå. Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik – heretter kalla forfattaren – velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vere til stades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn. Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.

 

MK Norway

Forfattaren folet sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv. Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og rare bøker. Som Shorsten til far min, Norsk Fotballhår og Heimekontor i gravferda”.

House of Bergen er ustyrtelig glade for at Jon Hjørneviks kreative og morsomme betrakninger er på plass hos oss i ambassaden!